Home > Folkeeventyr > Krigaren Sosruko

Krigaren Sosruko

May 30th, 2007

Kaukasisk folkeeventyr

Sosruko heitte ein mann i Kabardá. Han var ein namnspurt helt, så sterk som ein panter på jakt, og i krig så slu som ein ulv i jag etter rådyr. I venskap var han varm, og i striden kald som is, og ingen kunne måle seg med han på hesteryggen. Akslene hans var breide som på ein bjørn, og kring livet var han så smal at ein katt kunne smyge under han utan å koma nær beltet hans, når han la seg ned på sida. Dei andre kabardinar-krigarane elska han og leit på han, både avdi han var så sterk og fylde fiendane med så stor ein skrekk, og avdi han visste å bruke list der styrke ikkje hjelpte.

Ein gong drog dei i krig utan å seie frå til Sosruko. Dei var sterke, modige, stridsrøynde menn, og meinte nok dei kunne greie seg utan han. På vegen fikk dei eit fælt uver over seg. Først regna det som om syndfloda var attkomen, utan stans i tre samfulle dagar. Pelsfrakkane deira var gjennomblaute. Hestane skalv av kulde og trøyttleik, for dei måtte vasse i iskaldt vatn til knes. Krutet vart vått og ubrukande, som ein skitten graut. Etter regnet kom frosten. No fraus kleda deira stive som tre, og dei skalv heilt inn i sjela. Tennene klapra som trommestikker i munnen på dei, armar og bein verkte, og dei orka knapt halde taumane, så stive var fingrane deira.

«Arme oss!» klaga ein av dei. «Kvifor er ikkje den tapre Sosruko med oss! Han ville nok funne utveg or denne nauda, utan han er det ute med oss i denne isnande øydemarka.»
Og krigarane forstod at slik var det, og angra at dei hadde drege avstad utan Sosruko.
Men knapt hadde dei tenkt ferdig, før Sosruko stod lys levande mellom dei.
«No, kjære vener, det er visst litt surt i dag.»
«Vi held på frys i hel! Berg oss, Sosruko!»
«Kvifor tenner de ikkje bål?»
«Korleis skulle vi bera oss åt med det, Sosruko? Fyrtøya våre er våte, vi eig ikkje tørr knusk, og tørr ved finst det no slett ikkje.»
«Der ingen varme finst må ein leita han opp,» sa Sosruko, snudde hesten og galopperte sin veg.

Som han reid over den isdekte sletta, syntest han at han såg noko som skein langt borte. Sosruko nærma seg varsamt og fekk auga på eit stort bål som ei veldig kjempe, ein rise, hadde tent. For å få varme i heile den digre kroppen sin hadde han lagt seg i ring kring bålet, og no låg han der og sov tungt. Det var uråd å koma bort til bålet. For ein rise så stor som eit berg er det farleg å vekkje, for korleis i all verda kan ein verja seg mot noko slikt?
«No, min kjære gangar, no må du hjelpe meg,» sa Sosruko til hesten sin. «Vi må berge kameratane våre.»
Den kloke hesten forstod. Han gjorde hovslaga sine om til mjuke ulvesteg, og til lydlause kattesteg, og slik lura han seg bort til bålet og hoppa varsamt over den sovande risen. Sosruko stakk lansespissen sin inn i ein brennande kubbe, og hesten byksa attende over risen og sette avstad i tanande renn.
Men ei lita glo hadde falle ned på nasen til risen, og han vakna med eit brøl av pine. Han famla bortover sletta med dei lange armane sine, fanga hesten og ryttaren og fekk auge på den brennande kubben på lansespissen til Sosruko. «Vågar du å stele elden frå meg!» brølte han. «Eg skal steike deg og eg skal eta deg, men først skal du fortelja meg kva du heiter, så eg veit kven eg har vunne over.»
«Eg er berre ein stakkars kabardinar,» svara Sosruko. «Og så mager som eg er, blir det klein kveldsmat du får.»
«Er du kabardinar, kjenner du vel Sosruko,» sa risen.
«Ja, kven kjenner ikkje han i Kabardá!» svara Sosruko. «Om du vil kan eg fortelja deg mykje om han.»
«Om han har eg sanneleg høyrt meir enn nok,» sa risen. «Det er på høgan tid å eta han opp, den frekke fyren. Han rir ikring og skryter av at ingen kan vinne over han. Eg finn meg ikkje i at det levere eit menneske som ikkje er redd for noko.»
«Men kanhende du har hug til å høyre korleis Sosruko gjer når han får hug til å leike,» spurde den lure kabardinaren. «Ja, gjerne det,» sa risen velnøgd. «Det kunne vera artig. Korleis leikar han?»
«Jau, han stiller seg under ein høg berghamar, og vi andre står oppe på toppen av hamaren og kastar stein ned i hovudet på han. Sa skallar han til steinane ettersom dei kjem, så dei fyk snøggare oppatt enn dei fall ned.»
«Det vil eg gjerne freiste,» sa risen.
Og så fekk Sosruko risen til å stå under ein høg berghamar, medan han sjølv kleiv til topps. Der fann han ein stor, tung stein og velta han utfor den bratte ufsa.
Steinen trilla med dunder og brak og reiv med seg ei heil røys med mindre steinar i fallet. Og Sosruko sikta aldri skeivt. Den store steinen råka risen midt i panna. Samanstøyten var så veldig at jorda skolv milevis ikring, men risen skalla steinen attende med slik kraft at det var berre med nauda at Sosruko fekk kasta seg til sides.
«Det var ein artig leik,» sa risen. «No kløyr eg ikkje i panna lenger.»
«Men høyr!» ropa Sosruko fælen. «Eg skal syna deg ein annan av dei leikane som Sosruko likar.»
«Få høyre!» sa risen.
«Sosruko plar opne munnen, og så tek vi andre ein neve med pilar og legg dei på elden. Når dei er gloande, skyt vi dei inn i munnen på Sosruko, han bit alle pilspissane av i ein jafs og slukar dei. Straks dei er avkjølte nede i magen på han, kastar han dei opp att. Det kan ingen gjera han etter.»
«Eg kan,» sa risen. «La oss freiste!»
Sosruko la alle pilane sine på bålet, og då dei glødde raudt, skaut han dei like lukt inn i det opne gapet til risen, ei etter ei.
Men sidan gjorde risen alt det Sosruko hadde fortalt, og stod der like frisk og velnøgd.
«For ein morosam leik,» sa risen glad. «No har eg ikkje vondt i magen meir. Kan du ikkje syne meg ein til!»
No vart den stakkars Sosruko for alvor redd, men han fann på råd likevel.
«Den tredje leiken er den morosamste av dei,» sa han. «Vi plar gå ned til sjøen, og Sosruko stiller seg ute i vatnet, så langt ute at det rekk han til haka. Slik blir han ståande til vatnet frys, og så bryt han isen opp som om ingen ting hadde hendt.»
«Det vil eg freiste,» sa risen.
Dei gjekk ned til stranda, og risen vassa til vatnet rokk han til opp på halsen. Og Sosruko bad inderleg til den mektige nordavinden at han skulle koma med slik frost at det fraus is på havet.

Straks velta tunge skyer fram på himmelen. Stormen byrja kvine, og snart la isen seg på vatnet. Risen keia seg grueleg der han stod. «Er isen snart sterk nok?» spurde han.
«Ja, det trur eg nok,» sa Sosruko.
Risen spende alle musklane sine så isen knaka og isen sprakk til alle leier, som eikene i eit hjul. Redsla tok Sosruko.
«Vent litt til!» skreik han. «Isen er da ikkje sterkare enn at eit barn kan sprenge han. Den leiken ville nok ikkje Sosruko bry seg bry seg stort om.»
Og kjempa sto still att og venta tålmodig. Det vara ikkje lenge før vatnet fraus like til botnar.
«No er isen sterk nok!» ropa Sosruko.
Kjempa freista bryte seg laus, men no greidde han det ikkje. Isen heldt. Augo hans vart blodsprengde og han vart blå i det fæle oppsynet sitt.
Sosruko kasta ikkje bort tida. Han reiv sverdet sitt or slira og galopperte bort til risen.
«Dumme tosken eg er!» ropa risen. «At ikkje eg forstod på alle påfunna dine at du var Sosruko sjølv.»

Men Sosruko var alt over han som ein stormvind og hogg hovudet av han utan meir prat. Så snudde han hesten og reid attende til bålet, tok ein ny, brennande kubbe og skunda seg attende til kameratane sine. Medan dei venta på han, hadde dei lagt seg i ein stor haug for å halde varmen, den eine ovanpå den andre, Dei undarste hadde reint misst pusten, dei øvste heldt på å fryse ihel, berre dei i midten hadde det så nokolunde leveleg. Men no laga Sosruko eit veldig bål, og straks kameratane hans hadde vermt seg, var dei like spreke som før alle i hop.

Sissel Folkeeventyr

Comments are closed.